28 Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.
29 Kor mykje strengare straff synest de ikkje den fortener som har trødd Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?
30 For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gjengjelda.» Og vidare: «Herren skal dømma folket sitt.»
31 Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!
32 Men tenk no tilbake på den første tida, den gongen de vart opplyste og sidan heldt ut i dei lidingane de måtte strida med.
33 Snart vart de hånte og plaga for auga på folk, snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.
34 De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de eigde, vart røva frå dykk. For de visste at de eig noko som er betre, og som varer.