31 Det er frykteleg å falla i hendene på den levande Gud!
32 Men tenk no tilbake på den første tida, den gongen de vart opplyste og sidan heldt ut i dei lidingane de måtte strida med.
33 Snart vart de hånte og plaga for auga på folk, snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.
34 De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de eigde, vart røva frå dykk. For de visste at de eig noko som er betre, og som varer.
35 Kast ikkje bort frimodet dykkar! For det gjev stor løn.
36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.
37 For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som skal koma, og han skal ikkje dryga.