4 For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder.
5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg;
6 brennoffer og syndoffer hadde du inga glede i.
7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg.
8 Først seier han: Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje glede i, endå det er slike offer som blir borne fram etter lova.
9 Deretter seier han: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje. Han opphevar det første så han kan setja det andre i verk.
10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.