11 I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.
12 Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
13 I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.
14 Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland.
15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende.
16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.
17 I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Sin einaste son var han villig til å ofra, endå han hadde fått lovnadene