15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda attende.
16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei.
17 I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Sin einaste son var han villig til å ofra, endå han hadde fått lovnadene
18 og dette hadde vorte sagt til han: «Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.»
19 Han rekna med at Gud hadde makt også til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att – i dette ligg det eit førebilete.
20 I tru var det Isak velsigna Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.
21 I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.