21 I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.
22 I tru tala Josef då han låg på det siste, om Israelsfolket og deira utgang frå Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med knoklane hans.
23 I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.
24 I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.
25 Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.
26 Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.
27 I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.