25 Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.
26 Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.
27 I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.
28 I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.
29 I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.
30 Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar.
31 I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.