32 Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.
33 Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver,
34 sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.
35 Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.
36 Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.
37 Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.
38 Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.