36 Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.
37 Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.
38 Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.
39 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.
40 Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.