1 Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,
2 med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.
3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod.
5 Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.