10 For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.
11 All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.
12 Difor, styrk dei hangande hender og dei skjelvande kne!
13 Lat føtene gå på beine vegar,så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.
14 Jag etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren.
15 Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta.
16 Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat.