12 Difor, styrk dei hangande hender og dei skjelvande kne!
13 Lat føtene gå på beine vegar,så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.
14 Jag etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren.
15 Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta.
16 Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat.
17 De veit at han sidan vart bortvist då han ønskte å få velsigninga. Det var ikkje mogleg å venda om, endå han bad med tårer.
18 De er ikkje komne til eit fjell de kan ta og kjenna på, ikkje til logande eld, til skyer, mørker og storm,