19 ikkje til gjallande horn og ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å bli sparte for å høyra meir.
20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: Om så eit dyr rører ved fjellet, skal det steinast.
21 Ja, så skremmande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.»
22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring,
23 til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga,
24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala guddomsord her på jorda, kom ikkje unna. Endå mindre skal vi koma unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.