2 med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.
3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det har kosta blod.
5 Har de gløymt den formaninga som talar til dykk som til born: Son min, forakt det ikkje når Herren viser deg til rette, mist ikkje motet når han refsar.
6 For den Herren elskar, viser han til rette, og han straffar kvar son han tek seg av.
7 Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette!
8 Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.