26 Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med.
27 Her står det: «endå ein gong». Dette viser at det som kan rokkast fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rokkast, skal bli ståande.
28 Sidan vi får eit urokkeleg rike, så lat oss vera takksame og slik tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til glede for Gud.
29 For vår Gud er ein fortærande eld.