7 Hald ut og lat dykk oppdra, for Gud tek seg av dykk som søner. Ja, lat meg få sjå ein son som faren ikkje viser til rette!
8 Blir de ikkje viste til rette som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.
9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som oppdrog oss, og vi hadde respekt for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under Far til åndene, så vi kan leva?
10 For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.
11 All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.
12 Difor, styrk dei hangande hender og dei skjelvande kne!
13 Lat føtene gå på beine vegar,så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.