10 Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det.
11 Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.
12 Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.
13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.
14 For her på jorda har vi ingen by som varer; vi lengtar etter den som skal koma.
15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.
16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til glede for Gud.