5 Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.
6 Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?
7 Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på livet deira og utgangen det fekk, og ta deira tru til føredøme!
8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.
9 Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det.
10 Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det.
11 Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.