8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.
9 Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det.
10 Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det.
11 Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.
12 Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.
13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.
14 For her på jorda har vi ingen by som varer; vi lengtar etter den som skal koma.