14 Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen,
15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv.
16 For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt.
17 Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket.
18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.