3 korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.
4 Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.
5 For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om.
6 Dette er det ein som har vitna om ein stad: Kva er eit menneske – at du hugsar på det, ein menneskeson – at du tek deg av han?
7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære.
8 Alt la du under hans føter.Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han.
9 Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.