1 Difor, heilage sysken, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på Jesus, den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest.
2 Han var trufast mot den som innsette han, liksom Moses var trufast i heile Guds hus.
3 Men Jesus vart verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større heider enn huset han byggjer.
4 Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud.
5 Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.