14 For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.
15 Når det heiter: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt, som under opprøret,
16 kven var det då som høyrde, men likevel gjorde opprør? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut frå Egypt?
17 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og vart liggjande som lik i øydemarka?
18 Og kven var det eiden gjaldt då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei ulydige?
19 Så ser vi at det var vantru som førte til at dei ikkje kunne koma inn.