4 Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud.
5 Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.
6 Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.
7 Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,
8 så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.
9 Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar
10 i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.