9 Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar
10 i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!
12 Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud.
13 Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.
14 For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.
15 Når det heiter: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt, som under opprøret,