2 For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det.
3 Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.
4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.
5 Men her seier han: «Aldri skal dei koma inn til mi kvile!»
6 Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.
7 Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.
8 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.