8 For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.
9 Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk.
10 Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine.
11 Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.
12 For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.
13 Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.
14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!