1 Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.
2 Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik
3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.
4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.
5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud, som sa til han: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.
6 Og som han seier ein annan stad: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.
7 Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.