4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.
5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud, som sa til han: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.
6 Og som han seier ein annan stad: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.
7 Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.
8 Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida.
9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han,
10 han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.