7 Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.
8 Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida.
9 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han,
10 han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.
11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra.
12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde.
13 For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd.