12 Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.
13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved.
14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.»
15 Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han.
16 Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar.
17 Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid.
18 Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning.