2 med undervising om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og om evig dom.
3 Slik skal vi gå vidare, om Gud vil.
4 Når nokon ein gong har vorte opplyst og har smaka den himmelske gåva og fått del i Den heilage ande,
5 har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda,
6 og så fell frå, då er det umogleg at dei igjen kan fornyast til omvending. Dei krossfester Guds Son på nytt og gjer han til spott.
7 Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud.
8 Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.