1 Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Gud, Den høgste. Han kom og møtte Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane,
2 og Abraham gav han tiend av alt. Han er for det første Melkisedek, namnet tyder «rettferds konge», dernest er han konge i Salem, det vil seia fredens konge.
3 Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans ingen ende. Slik er han lik Guds Son; han er og blir prest for alltid.
4 Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet.