16 Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv.
17 Han får då dette vitnemålet: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.
18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi.
19 For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.
20 Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,
21 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier: Herren har svore og angrar det ikkje: Du skal til evig tid vera prest.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.