18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi.
19 For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.
20 Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,
21 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier: Herren har svore og angrar det ikkje: Du skal til evig tid vera prest.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
23 Dessutan har det vore fleire slike prestar, for døden hindra dei i å halda fram.
24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, fordi han er og blir til evig tid.