20 Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,
21 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier: Herren har svore og angrar det ikkje: Du skal til evig tid vera prest.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
23 Dessutan har det vore fleire slike prestar, for døden hindra dei i å halda fram.
24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, fordi han er og blir til evig tid.
25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane.