25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane.
27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.
28 Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske. Men gjennom ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, blir Sonen innsett, han som for evig har nådd fram til fullendinga.