4 Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet.
5 Dei av Levis søner som blir prestar, skal etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne sysken, sjølv om dei stammar frå Abraham.
6 Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader.
7 No kan ingen nekta for at det er den mindre som blir velsigna av den større.
8 Elles er det dødelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.
9 Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.
10 For enno ufødd var han i sin stamfar då Melkisedek gjekk til møtes med han.