8 Elles er det dødelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.
9 Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.
10 For enno ufødd var han i sin stamfar då Melkisedek gjekk til møtes med han.
11 Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron?
12 Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra.
13 For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret.
14 Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.