1 Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen.
2 Der gjer han teneste i heilagdomen, den sanne teltheilagdomen, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.
3 Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.
4 Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova.
5 Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»