3 Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.
4 Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova.
5 Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»
6 Men no har Kristus fått ei mykje høgare presteteneste, sidan han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.
7 Dersom det ikkje hadde vore noko å utsetja på den første pakta, hadde det ikkje vore bruk for ei anna.
8 Men Gud har noko å utsetja på folket når han seier: Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
9 ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt. For dei vart ikkje ståande i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.