7 Dersom det ikkje hadde vore noko å utsetja på den første pakta, hadde det ikkje vore bruk for ei anna.
8 Men Gud har noko å utsetja på folket når han seier: Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
9 ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt. For dei vart ikkje ståande i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.
10 Men dette er pakta eg vil gjera med Israels hus i dagar som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod i sinnet deira og skriva dei i hjartet deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
11 Då skal ingen lenger undervisa sin landsmann og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store.
12 For i nåde vil eg tilgje all uretten deira og ikkje lenger hugsa syndene deira.
13 Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den første er forelda. Og det som blir gammalt og forelda, vil snart vera borte.