15 Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.
16 Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.
17 Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18 Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.
19 For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket
20 og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»
21 Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.