16 Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.
17 Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
18 Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.
19 For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket
20 og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»
21 Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.
22 Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.