18 Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.
19 For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket
20 og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»
21 Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.
22 Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.
23 Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.
24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.