25 Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.
26 Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.
27 Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen,
28 slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.