9 Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei ber fram gåver og offer som ikkje kan gjera den som dyrkar Gud, fullkomen når det gjeld samvitet.
10 Liksom forskriftene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod: Dei skulle gjelda fram til tida då den rette ordninga vart innført.
11 Men Kristus er komen som øvsteprest for alt det gode vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer til denne skapte verda.
12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle og kjøpte oss fri for evig.
13 Blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det blir dynka på dei ureine.
14 Kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud. For Kristus har i kraft av ein evig Ande bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.
15 Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.