10 så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud.
11 De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede
12 skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset.
13 For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar.
14 I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.
15 Han er biletet av den usynlege Gud,den førstefødde før alt det skapte.
16 For i han vart alt skapt,i himmelen og på jorda,det synlege og det usynlege,troner og herredøme,makter og åndskrefter –ved han og til han er alt skapt.