1 De som er herrar, far rett og rimeleg fram mot slavane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.
2 Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!
3 Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.
4 Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.
5 Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt.
6 Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.
7 Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.
8 Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.
9 Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.
10 Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han.
11 Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.
12 Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje.
13 Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis.
14 Den kjære Lukas, legen, helsar dykk, like eins Demas.
15 Hels syskena i Laodikea, og Nymfa og forsamlinga som kjem saman i hennar hus.
16 Når dette brevet er opplese hos dykk, skal de sørgja for at det òg blir opplese i forsamlinga i Laodikea, og at brevet frå Laodikea blir opplese hos dykk.
17 Sei til Arkippos: Sjå til at du fullfører den tenesta du har fått for Herren.
18 Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Gløym ikkje lenkjene mine! Nåden vere med dykk!