15 Han er biletet av den usynlege Gud,den førstefødde før alt det skapte.
16 For i han vart alt skapt,i himmelen og på jorda,det synlege og det usynlege,troner og herredøme,makter og åndskrefter –ved han og til han er alt skapt.
17 Han er før alt,og i han blir alt halde saman.
18 Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.Han er opphavet,den førstefødde frå dei døde,så han i eitt og alt skal vera den fremste.
19 For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
20 og ved han ville Gud forsona alt med seg,det som er i himmelen, og det som er på jorda,då han skapte fred ved hans blod på krossen.
21 De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar.